Bonde i by´n på barbesøkTorsdag 18 Mars 1999 Ny i by´n og rusler en tur nedover storgata. Jøss, svære greier dissa storbya du, "Information Blvd." heter gata, ikkeno´mindre duger. Nytter ikke med no´ grautmål fra bondebøgda her gett….. Mye neonreklame å se over alt, ser ut som jeg har havna i "Red Light District", det har jeg lest om i blada. Er visst sånne i alle byer med respekt for seg sjæl. I denna byen er visst det distriktet større enn i de fleste. Nok om det, der dukker det opp et skilt med "Nam´s Bike Bar", ser jo spennende ut. Stikker nesa innafor døra og myser litt rundt i lokalet. Lavt under taket her men det er jo koselig det, kan jo væra skikkelig intim stemning omtrent som i kjeller´n på lokalet i heimbøgda… Pussig antrekk på folka her, mye røde og irrgrønne hele dresser, masse striper og stell. Skal vel væra sånn i by´n kanskje. Vel, vel, folk får kle seg som dem vil når dem går ut tenker jeg og tar en nærmere kikk på "klientellet". Pussig, ser jo ut til å væra bare japanesere her jo… Nei, det sitter visst en og annen latiner rundt omkring, sikkert italienere etter utseendet å dømme. Har jeg havna midt i "Chinatown??" Onkel´n min har vært te sjøss og fortalt litt av hvert om innvandrerdistrikt i storbya, "der skarru jaggu værra våken gett" sa´n…Best å væra forsiktig! Rusler over tel bardisken. Pent og ryddig på innsida, her må det væra kvinnfolk involvert tenker jeg og slår meg ned på en ledig krakk rett ved sia av en gjeng med folk som ser ut til å være stamgjester, flest japanesere her også men nærmest sitter en nokså kraftig flintskalla italiener. Er visst ikke lenge siden siste fyllekula på den kar´n tenker jeg, svære bringebærauer og temmelig taus. En gang i mellom rauter´n tel og klasker en feit håndbak i bardisken mens´n gliser og gauler høyt: "Mua-ha-ha…Hei, bartender, gi den gutten en drink på meg…" Gjengen sitter visst og tørrprater om den siste fyllekula, vanlig gutteprat tenker jeg og hører etter med et halvt øre mens jeg bestiller en tynn en. Bartendern kikker så vidt på meg og serverer uten et ord. Jeg nikker tel en liten japaneser på sia. "Icq faq dod nam?" spør´n. Nå er jeg ille ute. Japanesisk er´ke min sterke side akkurat… Så jeg bare slår ut med arma og trekker på skuldra. Får vel prøve å væra litt sosial jeg også tenker jeg. Når´n kommer sånn fra bøgda så er det manko på klær som en kan vise seg fram i, så jeg spør sånn litt ut i lufta: "Er vel ingen som veit om et sted der det går an å få kjøpt en billig dress, sånn enkel og grei, uten for mye krimskrams?" Først så er det taust. Så spretter en liten energisk japaneser opp og sier: "Kan få kjøpt en billig av meg….J*lig dyr dress når´n var ny, har bare vært i tre slagsmål med´n, mangler litt knapper og har gått opp i no´n sømmer. Det fikser´u lett…." Jo jo sier jeg, har liksom ikkeno håndlag med nål og tråd så det får vel væra…. Så reiser den skalla italiener´n seg og måler meg opp og ned med bringebæraua. "Det ska vel væra en sånn bondeblå snekkerbukse med tresko tel det da vel, og så ei grønn skyggelue fra Felleskjøpet? Pass på å få´n stor nok så du får plass te´ den svære vomma! Prrrrhæhæhæhæ, hørte dere den gutter?" De andre gutta smågliser. Jøss, tenkte jeg, fyr´n så nå jaggu feit nok ut sjæl han…. Jo, eh…stammer jeg litt nølende, men da ska´ jeg si det blei fart i italiener´n for alvor! Snakk orntli!! gauler´n helt vill i blikket. Så drar´n opp et papir fra innerlomma og peker vekselvis på meg og vekselvis på papiret med en stiv pølsefinger mens´n hauker: "Er så h*vetes lei av bondeknøler som kommer rekandes her tel stambar´n min og ikke veit å føre seg om folk…Skarru preike her så får´u jaggu lære folkeskikk…" Jøss tenker jeg, har jo nesten ikke åpna kjeften jeg…Onkel´n visste nok hva han snakka om han, som hadde vært litt rundt i verden. Invandrera ska´du passe deg for. Greit, greit, slapp av, detta årner seg sier jeg, ha´kke tenkt å bli lenge….. Så jeg drekker ut den lille tynne og rusler ut av baren mens jeg bøyer meg for ikke å skalle i taket. Nå skjønner jeg mer av takhøyden, ser ut til å være tilpassa små japanesere og italienere, dem trenger jo ikke to meter og førti akkurat. Vel vel, får vel prøve finne et sted med plass for både nordeuropeere og amerikanere, dem er jo ofte litt lenger av vekst, da er det mindre risk for å skalle i taket i stambar´n…… Snakkes…… Bonde i by´n FramhaldssogeTorsdag 29 April 1999 I gildestoga til Grethe samlast ridderane som likte å ta på seg rustningen sin og ri fort langs landevegen. I stoga attmed samlast bøndene. Av di dei mest alltid brukte vogn etter hestane sine tok dei meir plass på landevegen, og det gjekk heller ikkje fort med dei. Ofte sovna dei bak hesten slik at den måtte finne vegen heim sjølv. Dette var til stor fare for ridderane som hadde lettskremte hestar som tok ut for dei om dei ikkje passa på. Ridderane var overlag storkjefta, og harde ord vart veksla mellom dei utan at dette tydde at det var vondt blod. Det beste dei visste var å smi nidviser om kvarandre. Det nestbeste var å terge bøndene i stoga attmed. Nokre gonger villa bønder seg inn til ridderane. Dette var ofte dei bøndene som fekk dei største jordepla. Det er ei kjent sak at det er dei mest vitlause bøndene som får slike. Ein kveld rota ein bonde dei kalla Jan Asle frå Sele seg inn i stoga. Mange meinte han var den som fekk dei aller største jordepla, men om dette veit ein lite. Han tok til orde for at dei ridderane som rei fortest på landevegen skulle svare bøter for dette på tinget, og at lova måtte gjerast om slik at det var nok at ein kunne kjenne att hesten og ikkje eigaren for at bøter skulle svarast. Dette likte ridderane overlag dårleg. Dei var frie menn som tok lite omsyn til lova, og som nødig svarte bøter på tinget i utrengsmål. Dei av ridderane som hadde drukke mest mjød og av denne grunn var mest like vitlause som bonden tok til motmæle. Av slike ordvekslinger vert få klokare, men dei er ofte til stor gaman for lyden i stoga. Ordvekslinga gjekk lenge. Av di bønder ofte er overlag sta men ellers godlynte, likte Asle dårleg tonen i ordvekslinga, som ikkje var sers høfleg. Det var stor skilnad på dette i dei to stogene. Han vart svært vonbroten over dette. Då nokre av ridderane som hadde drukke lite mjød og av denne grunn framleis kom i hug ordlyden i den lova som galdt tok til å svare Asle, vart han vonbroten over dette óg. Då tok han til å lokke auga og seie det same om att og om att. Dette skjer ofte med dei som ikkje er vand med å drikke mykje mjød, eller som ikkje har vore mykje rundt i verda. Asle kom frå Rogaland og alle veit at dette ikkje nett er midt i verda. Mange meinte då at det fekk vere nok med vitjing av vitlause bønder, og ville kaste han ut i rennesteinen. Einkvar kan miste tolmotet med slike som seier det same om att og om att og trur det blir større sanning av dette. Så slik gjekk det til at då hanen gól satt bonden i rennesteinen og prata med seg sjølv, og i gildestoga var alle samde om at slike bønder var det lite gaman i... Soga held fram. Kvinnene i gildestoga15. Mai 1999 Sjølv om det var flest menn i gildestoga var det og nokre kvinner som fann hugnad i å vitje ho og drikke mjød saman med karane. Det var ofte dei som var mest storkjefta når segn om karstykkje vart fortalt. Dei kvinnene som vitja stoga var mest alle småvokste. Dette likte dei dårleg, av di dei ikkje ville vere låkare enn karfolket korkje i idrott eller vit. Kvinnene tok sin småvokster att i munnen. Her sto dei ikkje attende for karfolket på noko vis. Ofte var det slik at når ei ordveksling gjekk om viktige ting tok kvinnene ordet ofte og på slikt vis at nokre av karane som ikkje var munnrappe mista tolmotet med dei. Om dette laga ein av karane denne dråpa: Fri meg frå kvinneglammet! Munnlærs holmgang tykkes ille for ein vaksen kar. Gje meg sverd og skjold! Dei fleste av mennene fann hugnad i kvinnene og det var ikkje skilnad på dei og mennene på noko vis i stoga. Dette var godt for alle. Grethe heitte ei som ofte skjenkte og passa på i stoga. Ho var óg småvokst og likte det dårleg. Av denne grunn hadde ho fått for seg at alt som var stort var godt. Difor hadde ho skaffa seg ein storvokst hest. Den var så stor at ho ikkje kunne komme i salen utan at det vakte lått hos dei som såg på. For å bøte på dette gjekk ho til skomakaren og fekk vølt støvlane sine slik at ho rakk høgare. Ho fekk sett på tjukkare lær på sålane. I andre enden vanta ikkje noko. Om det var for lite lær i sålane var det nok i munnen. Ho tok ofte til orde for at storleik var viktig i alle ting. Dette vart sagt på slikt vis at dei mennene som ikkje var sers storvokste korkje i høgda eller lengda vart tause og flakka med auga. Dei fleste av karane hadde av denne grunn stor vørdnad for mannen hennar, og rekna med at ho hadde skaffa seg mann som ho skaffa seg hest. Det er ikkje funne noko i skriftene som kan stadfeste dette. Etter kvart som kjeldene kan tydast skal meir skrivast om kvinnene i gildestoga. Skrivarane i gildestogaTirsdag 22. Juni 1999 Mange av dei som samla seg i gildestoga om kveldane var av den sorten som ellers satt i skrivestoga heile dagen og hadde lært seg skrive- og talekunst av munkane. Desse hadde mest alle noko nytt dei kalla glasauge og som var til hjelp når dei satt i dei mørke skrivestogene heile dagen og skreiv på tavlene sine. Av denne grunn var dei óg noko bleike i léten. Av di dei satt slik stille heile dagen likte dei å fare rundt på gangaren sin om kvelden og samle seg i gildestoga med ridderane og drikke mjød. Dei var mest alle meir dugande i skrive- og talekunsten enn dei var til å ri hesten og til andre idrottar som ridderande tevla i. Av denne grunn likte dei å hevde seg i det dei kunne best. Når nokon i gildestoga kom til å tale feil eller på anna vis fare noko ufint fram i talen som ofte skjer når ein har drukke mykje mjød, tok dei til orde for at slike tullingar som ikkje kunne tale på folkevis heller burde gå heim og tukte kona. Allikevel var dei sjølv ofte dei som snøvla mest i mjødrusen. Han dei kalla Kristian frå Rud var ein slik. Han reiste rundt i alle gildestogene og slo ned på alt han høyrde av feiltale og anna. På denne måten kunne han hevde seg i ordskiftet. Av denne grunn var det mest alltid slik at når nokon av ridderane som brukte dagane til andre ting enn å knote på skrivetavlane til Bill i Stretet eller øve seg i talekunsten og difor ikkje var meir enn vanleg dyktige i slike ting spurde om noko som hadde med hesten å gjere, så fekk dei til svar av dei munnrappe skrivarane at dei spurde på feil måte. Difor fekk mest ingen svar på det dei spurde om. Mange meiner at det er blant desse munnrappe klosterskrivarane ein finn forfedrane til Rasmus Berg som vart viden kjent for å gjere mor si om til ein stein. |
Oppdatert 26. juni 2002 av Webmaster
|